top of page

På ekta vis

Fotokunst av Marit Ljøsne

Versjon 16.jpg
Skapninga

Eg bevegar meg veldig mjukt. Mjukt inni hjerta mitt. Kanskje du ikkje kan sjå at eg bevegar meg? Det skjer nemlig på ein heilt annan måte. Bevegelsane er heilt annleis enn du hadde trudd. Eg stryk deg når eg bevegar meg, og på samme tid er eg heilt stille. Merkar du stillheita mi? Merkar du at stillheita mi har enorme bevegelsar? Dei er dei største du har sett, enno du er usikker på om det verkeleg er bevegelse. Eg frydar meg. Eg frydar meg over det eg er. Eg er berre her, inni stammen min. Greinene mine, dei flikkar rundt, i alle retningar, glitrar. Dei overraskar med bevegelsar som du fyrst ser etter at dei har skjedd.

Så naken kan eg vera

The power of healing

Lyset me er innanifrå

Det er berre oss, kan du kjenna det? Merka det? Det er berre oss. Eg gjev deg handa mi, eg strekker den ut, heilt fram til deg. Eg kjenner gullet ditt, korleis det omkransar deg, korleis det er deg. Du strekker handa di ut til meg, heilt ut og fram til meg. Det er så klart og evig dette gule og gullaktige. Væren sjølv. Eg elskar å vere inni det. Eg elskar å hugse at dette er meg, dette er oss, her er vår heim. 

Kontakt
bottom of page